
Turist truleg teke av ras ved Haugastøl
Meldinga om raset kom om lag kl 12.30 og det er rykt ut med mannskap både med helikopter og snøscooterar. Skredet er gått vest for Haugastøl og det er dårleg vær i området melder politiet
KL. 1330 melder politiet at det er så dårleg vær i området at helikopter frå vest ikkje kan koma fram til rasstaden.Men store mannskap er på veg med andre framkomstmidlar
Skredet skal vera gått aust for Gråskallen og personen som truleg er teken av raset er ein av ei gruppe på 6 personar som gjekk ut frå Haugastøl tidlegare onsdag.
Det er stor snøskredfare i fjellet- også Bergensbanen er stengt mellom Finse og Haugastøl fordi banen blir brukt til å få fram leitemannskap, Følg med togtidene på NSB sine nettsider.
Kl 14.10 melder politiet at dei fyrste er kommet fram til området, og søk er iverksatt. Pga værsituasjonen blir dei resterande ressursane med eit arbeidstog, og ikkje skuter.
Kl. 15.19 melder politiet at tog med leitemannskap snart er framme og resten av turfølget blir evakuert tilbake til Haugastøl med toget.
Saka blir oppdatert