Vinnarlaget frå Geilo. Maja Veslehaug, Alva Listad Hagen, Mille Gaustad Kvinlog,reserve og Aksel Strøm Berg.
Enno ei tett tevling
Årets andre tevling i KVM vart like spennande som den fyrste.
Det var lag frå Nedre Ål og Geilo som skulle avgjera kven av dei som visste mest tysdag kveld. Alt frå starten vart det klart at her kunne det bli ein tett kamp. Leiinga veksla heile tida mellom laga, og før siste spørsmål var det 2 poengs leiing til laget frå Geilo. Og dei klarte å halde på den slik at dei sigra over Nedre Ål med 2 poeng til slutt. Godt jobba av begge lag!
Du høyrer tevlinga i reprise onsdag kl 1500