Meir næringsverksemd i tidlegare Hovet skole
Illustrasjonsfoto

Meir næringsverksemd i tidlegare Hovet skole

Kunstnar Gunnveig Nerol vurderer å flytte verksemda si frå Bygdahall til tidlegare Hovet skole.
Politikk
Knut Medhus
Publisert : 06.02.2017 14:58
Sist oppdatert : 06.02.2017 15:04

Formannskapet har i den samanhengen fått ein søknad frå etterbruksgruppa for Hovet skole om å løyve inntil 400 000 kroner til nødvendig ombygging av andre etajsen på skulebygget. Det gjeld lokal der det tidlegare var skulekjøkken blant anna. Det har ikkje lykkast å få lokale matprodusentar til å melde seg interessert i denne delen, og derfor rår etterbruksgruppa til at det blir lagt til rette for annan næring ved å bygge om lokala.

Rådmannen går for å gi 400 000 av kraftfondet til prosjektet. VIss det blir løyvd, har det vorte brukt 1 million kroner til ombygging av dei tidlegare skulelokala og det vil vera teke i bruk godt 90 % av ledig areal.

Du kan lesa saka her








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS