Ber Gol kommune ekspropiere.
Gol skisenter og Gunhild Hulbak har ikkje vorte samde når det gjeld avtaler om arealbruk i samband med utviding av skisenteret.
Gol skisenter og Gunhild Hulbak har ikkje vorte samde når det gjeld avtaler om arealbruk i samband med utviding av skisenteret.
Advokat Bergersen skriv i eit brev til Gol kommune at dei etter hans oppfatning var samde etter eit møte 8. mai, og Gol skisenter signerte avtalene same kvelden. Den 10. mai meddeler Gunhild Hulbak at ho ikkje kan godta avtalene slik dei ser ut pr dato, noko som av Bergersen blir oppfatta som avtalebrot.
Gol skisenter beklager i eit anna skriv utviklinga av saka og ber Gol kommune umiddelbart om å starte ein ekspropriasjonsprosess som skisenteret tek kostnaden med.