Vurderer å pålegge riving av hytte på Holsåsen.

Rådmannen i Hol er lite nøgd med det som har foregått når det gjeld graving av tomt for ei hytte på Holsåsen og ber politikarane vurdere riving av hytta.
Politikk
Knut Medhus
Publisert : 07.12.2005 10:34

Rådmannen i Hol er lite nøgd med det som har foregått når det gjeld graving av tomt for ei hytte på Holsåsen og ber politikarane vurdere riving av hytta.

I søknaden for bygging av hytta var det søkt om og godkjent 40 cm nedskjæring i bakkant av tomta og 20 cm oppfylling i framkant. Resutaltet viser at heile hytta er lagt på oppfylling. Kommunen vedtok å påleggje byggestans den 20.oktober.

I følge saksbehandlar er tomta fylt opp mellom 20 og 90 cm i bakkant og 60 - 200 cm i framkant. Dette i følge foretaket for å få fall inn på avløpsledningen som var lagt på førehand. Administrasjonen vurderer det slik at hytta har fått ein skjemmande terrengtilpasning og planbestemmelsen om at "Nye bygningar skal tilpasse seg terrenget og ikkje motsatt" er ikkje ivareteken. Rådmannen er heller ikkje nøgd med ansvarleg utførande og kontrollerande då dei blant anna har starta arbeidet utan tilgang på stempla teikningar. Også ansvarleg søkar i handtering av dokumenta blir det stilt spørsmål ved då dei ikkje har sendt teikningar til aktørane.

Konklusjonen til rådmannen er at søknaden om å få lov å la dei utførte fyllingane vera, blir avslegen. Likeeins at ansvarsretten til gravefirmaet MEdgard og Gudbrandsgard maskin DA blir trekt tilbake, ansvarleg søkjar Sande Hus og Hytter as blir gitt ein advarsle og tiltakshavaren blir varsla om at det blir vurdert å pålegge riving av hytta.








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS