Musikalsk storhending
Neste helg framføre Ål-koret Requiem av Iver Kleive.
29. og 30. mars skal Ål-koret framføre Requiem av Iver Kleive. Verket er basert på tradisjonelle, latinske rekviem-tekster og er skrive for kor, orgel og to solistar. Koret har vore heldige og fått med seg dyktige musikarar til å framføre dette store verket. Kantor i Ål kyrkje, Audun Flaen, spelar orgel. Verket er skrive av ein organist og det kan ein merke av den mektige orgelmusikken. Dei to solistane er messosopran Marit Sehl og baryton Trond Hallstein Moe. Sehl syng i Det norske solistkor og Moe er solist ved den Den norske opera, kjent for mange store musikalske prestasjonar. Dirigent og musikalsk leiar er Arild Rønsen.
Ål-kort har invitert med songarar frå heile Hallingdal til å vere med på å øve inn og framføre verket, slik at konsertkoret tel innpå 40 songarar. Koret har arbeidd med denne musikken sidan tidleg i haust. Og siste helga i mars er dei klare for konsert i Gol og Ål. Dette er eit stort løft for eit amatørkor og ikkje så ofte har me slike musikktilbod i Hallingdal. Men etter iherdig øving og med proff musikalsk leiing, svært dyktig organist og gode solistar på laget ser dette ut til å bli ei musikalsk storhending i Hallingdal.
Reqiuem vart skrive over ein periode frå 1997 til 2002. Mange hendingar i dette tidsrommet har vore med på å forme musikken - Frå djupt tragiske personlege hendingar til globale hendingar opplevd gjennom nyhetsbiletet. Smerta ved å miste eit familiemedlem, redsla ved å sjå tvillingtårna falle i New York, medkjensla med å sjå kister med unge soldatar frå Afghanistan og Irak på veg heim til sine familiar og tanken på kva dei pårørande må gå gjennom.
Den 22. juli 2011 ramma terroren også vårt land. Det var ufatteleg tap av menneskeliv, mange skadde og voldsomme øydeleggingar. Mange overlevande må bere med seg minne om det grusomme som hende, og mange pårørande som mista sine kjære fekk ein stor sorg å bere.
Requiem fekk ein enda større aktualitet, og musikken i verket formidlar og beskriv det veldig mange følte: redsel, sinne, sorg. Men også tilhørighet, samhold, håp og trøyst.
Iver Kleive ønskjer at Requiem skal vere eit musikalsk uttrykk til bøna om at dei som har gått bort skal få evig kvile. Det er ein hyllest til døde som har stått han nær og til ofre for ubarmhjertige hendingar i vår samtid. Men han vil også at verket skal formidle eit håp om trøyst til dei som er etterlatne.
Pressemelding frå Ål-koret v/Kjerlaug Pedersen
Me har vore på ei øving - høyr koret i fredagsmagasinet i kveld.