Norsk fjellmatsenter blir avvikla.

Rådet i stiftelsen som eig Norsk fjellmatsenter på GEilo bestemte torsdag at senteret må avviklast - det er ikkje pengar til å drive vidare.
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 01.06.2012 20:57

God mat, men no er det stopp for NOrsk fjellmatsenter.
Rådet i stiftelsen som eig Norsk fjellmatsenter på GEilo bestemte torsdag at senteret må avviklast - det er ikkje pengar til å drive vidare.

Styreleiar Jan Egil Halbjørhus seier til RH fredag at dei gjennom vinteren har prøvd å få til frivillig akkord utan å lykkast med det, og når april månad også viste underskot, var det ingen veg utanom å avvikle drifta. Det er ingen grunn til å legge skjul på at prosjektet kom ganske skeivt ut frå starten og det har ikkje lete seg gjera å koma innatt på rett kjøl. Butikkdelen har gått rundt, men matteateret og den nasjonale prosjektdelen har ikkje lykkast så samla sett har underskotta vorte store.
Det er stor tru på senteret i mange fagmiljø og blant utviklingsmiljø og det vil bli sett i gang arbeid med å då drifta senteret vidare i ein eller annan modell. ORdførar i HOl, Tony Kjøl, seier til RH at det er trist for tilsette og kommunen det som har skjedd då kommunen har satsa mykje på at dette skulle bli eit flaggskip innan matkultur. Han seier at han har hatt spørsmål frå folk som vil drive vidare, men meiner ein no må ta det litt med ro for å koma i gang på rette måten vidare.

Meir i fredagsmagasinet med reprise måndag.








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS