Arbeidshelg på Bergensbanen 1.-3. april
Førstkommende helg er det arbeidshelg på Bergensbanen. Buss erstatter tog.
Pressemelding fra Jernbaneverket:
Frå fredag kveld til søndag morgon er togtrafikken innstilt på Bergensbanen. Årsaka er at Jernbaneverket skal utføra ei rekkje større og mindre arbeid på strekninga Bergen – Hønefoss, og for å få effektive arbeidsøkter må togtrafikken dessverre innstillast:
*På Hønefoss stasjon skal sikringsanlegget byggjast om
*På Voss stasjon startar arbeidet med fornying av plattform, og det skal gjennomførast sporomlegging vest for stasjonen som følgje av ny parsell på E16.
*På Trengereid skal ei bru bytast ut, og det skal utførast overflatebehandling på to andre bruer (ved Dale og Bulken).
*Det skal utførast dreneringsarbeid mellom Trengereid og Arna, og bytast skjener mellom Evanger og Bolstadøyri.
*I Gravhalsen tunnel skal det utførast fjellrensk, og i Ulriken tunnel skal det monterast plater mot vasslekkasjar.
*På Bergen stasjon skal det skiftast glasplater i takbogen.
Det vil bli kjørt buss for tog i denne perioden, detaljert oversikt finn ein på NSBs nettsider, eventuelt kan ein får opplysningar hjå NSBs kundesenter, tlf 815 00888. Vi nemner spesielt:
*Nattoga mellom Oslo S og Bergen er innstilte natt til laurdag. Her blir det ikkje sett opp alternativ transport.
*Når det gjeld innstilte fjerntog, bli det ikkje alternativ transport til Finse, Hallingskeid og Mjølfjell. Når det gjeld innstilte lokaltog, blir det ikkje alternativ transport til Vieren, Upsete og Myrdal. Flåmsbana går som normalt.
*Siste innstilte tog er ”arnalokalen” søndag morgon frå Bergen kl. 7.05, med retur frå Arna kl. 7.20.
Då det vil gå arbeidstog på store delar av strekninga, må ein forhalda seg som normalt ved ferdsel langs sporet: Tog kan ventast til ei kvar tid.
Jernbaneverket seier seg leie for dei ulempene som trafikkomlegginga påfører dei reisande.