Store planer for Ål kulturhus.
Kulturhusleiar Tor Olav Fjellhøi la måndag fram for formannskapet i Ål skisser for utbygging av kulturhuset dei næraste 10 år.
Det er no utarbeidd eit skisseprosjekt på i alt 4 trinn og eventuell utbygging vil strekke seg over om lag 10 år. Dei to fyrste trinna vil koste om lag 30 millionar kroner, og det er desse utbyggingane det no ifyrste omgang blir bedt om å få midlar for å koma vidare med i form av eit forprosjekt som skal avklare kostnadar m.m. innan budsjettarbeidet for 2012.
Den fyrste utbygginga vil blant anna gi rom for Frikarsatsing i kulturhuset. Her vil bli ein såkalla Black Box med takhøgde på 10 meter for å legge tilrette blant anna for Frikar, og det blir også arbeidd med å få på plass ein landsdelavdeling av Nasjonalballetten. Ei ombygging/tilbygg på biblioteket ligg også som ein del av trinn 1 og 2 som kultuhusleiaren har håp om kan starte opp i jubileumsåret 2012 - då er kulturhuset 25 år.....
Dei neste byggetrinna vil i trinn 3 opne plass for Sør Norsk natur- og miljøsenter som Ole Reidar Lågrinn står bak og som tidlegare var tenkt plassert i Vats, der ein del av senteret forsåvidt har vore på plass i nokre år. No vil Lågrinn satse for fullt i Ål kulturhus, og han har alt sikra seg kontakter i større nasjonale miljø innanfor naturhistoriske museum,. Trinn 4 inneheldt eit 25 meters svømmebasseng og diverse velværemoglegheiter - det er det som er orange på teikningen.
Formannskapet i Ål vil etterkvart få ein søknad om midlar til eit forprosjekt.