Flest glas utan lys i Ål kommune.

Prosjektet \"Lys i alle glas\" har no registert småbruk som står tomme i dei kommunane som er med i prosjektet og det vart mange! No skal dei prøve å fylle dei med folk.
Lokal
Knut Medhus
Publisert : 21.01.2008 15:00

Prosjektet \"Lys i alle glas\" har no registert småbruk som står tomme i dei kommunane som er med i prosjektet og det vart mange! No skal dei prøve å fylle dei med folk.

Om lag 800 ledige bruk er registert i "Lys i alle glas" kommunane og av dei er omlag 300 i Hallingdal. No skal det prøvast å få eigarane til å leige ut eller selja til folk som vil koma å busetja seg i dei - eit prosjekt i Telemark viste at det var ikkje sålett å få eigarane til å selja, men nokre vart det. Torunn Bekkeset skal ta til som prosjektleiar for Lys i alle glas frå 1. april 2008.

Fordelt pr kommune så er dei ledige bruka fordelt slik:

HOL: 65  ÅL: 102  GOL 37   NES 35   FLÅ 19  HEMSEDAL 30
Målet for prosjektet er at dei skal ha busetting i 40 av dei ledige bruka i Hallingdal i løpet av dei neste fire åra. Det blir understreka at eventuelt sal av småbruka skjer gjennom frivilligheit og det fyrste informasjonsskrivet går ut til dei aktuelle eigarane i løpet av dei neste 14 dagane.

Les meir her:

http://www.nationen.no/landbruk/article3290651.ece

 








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS