Gråtass flytter til Geilo.
![]() |
Foto frå www.gråtass.no |
Den gratis juleforestillingen på Highland hotell var så vidt avslutta då nyheita om at Gråtass skulle flytte til Geilo kom og vart teken i mot med stor jubel frå entusiastiske ungar, foreldre og besteforeldre.
Fantasifabrikken as som står bak Gråtasskonseptet seier til RH at dei har hatt mange stader til vurdering, men til Geilo sin fordel slo den langsiktige tankegangen som investorane på Geilo hadde til konseptet. Pål Gundersen seier at han vil søke omregulert eit omlag 200 dekar stort område mellom Mailatunet og golfbanen med sikte på å få etablert ein opplevingspark der som inkluderer Gråtasstunet og den store traktorsamlinga som han også har kjøpt. Området er i dag regulert til golfbaneutviding.
Ei etablering av Gråtass på Geilo vil også føre med seg innspelingar av filmar og TV program og mange andre aktivitetar knytta til området. Morten Myklebust i Fantasifabrikken seier at Bjørneparken og Gråtass tilsaman vil utgjera eit flott konsept for Hallingdalsregionen og ser ingen konkurranse desse i mellom.
Meir i På heimveg tysdag kl. 15.00