Lys i alle glas!

Hallingdalskommunane skal no saman med kommunane i Numedal og Midtfylket prøve å få folk til å busetja seg på tomme småbruk.
Politikk
Knut Medhus
Publisert : 29.05.2007 15:54

Hallingdalskommunane skal no saman med kommunane i Numedal og Midtfylket prøve å få folk til å busetja seg på tomme småbruk.

Prosjektet starta i si tid i Numedal, men er no utvida og skal starte frå nytt. Fylkeskommunen vil gi prosjektet ei støtte på 120 000 for å gjennomføre fyrste fasen av det, men er innstilt på å gi ytterlegare støtte i dei neste prosjektåra som går fram til 2012.
I Norge er det i følge undersøkingar om lag 200 000 som kunne tenke seg å kjøpe eit småbruk for å få eit miljømessig attraktivt bumiljø.  I Telemark har eit liknande prosjekt ført til at 40 småbruk vart selt på fire år og 280 menneske flytte til området.
No skal det registrerast ledige småbruk i Hallingdal og ellers før det blir sett i gang dialog med eigarane og sal fram mot 2012.

Målet er at minst 100 fråflytta småbruk i prosjektområdet skal ha fast busetnad innan utgangen av 2011 og at dei fleste av dei tilflytta får seg arbeid i regionen eller har med seg sin eigen arbeidsplass.
I Ltillegg til midlar frå fylkeskommunen er det føresett 180 000 frå kommunane i Hallingdal og 90 00 frå kommunane i Midtfylket. Numedal er ferdig med fase 1.








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS