Takkar for seg ved HR.

Birger Sorteberg hadde sin siste arbeidsdag på HR sist fredag etter å ha følgd bedrifta frå den spede start.
Lokal
Knut Medhus
Publisert : 31.01.2006 08:59

Birger Sorteberg og Skarpås. Foto: Pål Åge Slettemoen.
Birger Sorteberg hadde sin siste arbeidsdag på HR sist fredag etter å ha følgd bedrifta frå den spede start.

Birger Sorteberg har sett bedrifta Hallingdal renovasjon utvikle seg frå å vera ei bedrift der så å seia alt søppel vart putta i omnen til i dag då bedrifta sorterer og resirkulerer store mengder av avfallet og gjer det svært godt økonomisk.  Utfordringa til HR har i nesten alle år vore bruken av overskottsvarmen som viste seg å bli ei større utfordring enn mange hadde trudd. Bedriftene i Kleivi tek unna ein del, men til no har det vore for lite. Oppstartinga av pelletsfabrikk og gartneri vil sørge for at det som blir produsert av varme, blir teken i vidare bruk.
Som ivrig turgårar meinte dei tilsette at Birger S hadde bruk for ein god GPS slik at han alltid kunne vite kor han var og kor kan skulle returnere, så det vart gava frå dei tilsette til avtroppande sjef. Som nok vil vera der innimellom ei tid enno.








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS