Hallingdal Trepellets sikra storkontrakt
Foto: htp.as

Hallingdal Trepellets sikra storkontrakt

Oppvarming av kjelar som blir brukt i asfaltproduksjon har opna ein ny marknad for Hallingdal Trepellets
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 21.10.2016 15:38

Helge Torsgard, dageleg leiar ved HP, seier til RH at den fyrste 3 årige kontrakta om levering av trepellets til asfaltproduksjon no er i hamn. Det betyr leveranse av 7000 tonn til to av dei største asfaltverka i Norge. Pelletsen blir knust før den blir brukt til å varme opp sand som blir brukt i asfaltproduksjonen, og denne overgangen frå LPG gass til pellets vil minke CO2 utsleppet med heile 90 %. Metoden er  utprøvd i Sverige og fleire asfaltverk i Norge er klare til å ta den i bruk. Enova har støtta omlegginga.

Med denne kontrakten er HP sikra produksjon året rundt.

Meir i Fredagsmagasinet 21.10.








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS