Ål kommune ber om ekstraordinært Hallingting viss
Illustrasjonsfoto

Ål kommune ber om ekstraordinært Hallingting viss

Hallingtinget 27.og 28. oktober får seg forelagt eit krav frå Ål kommune om at det blir sendt felles uttale om Rv 7 og 52
Politikk
Knut Medhus
Publisert : 21.10.2016 15:25

Ål kommunestyre slutta seg til formannskapet sitt innspel om dette i møtet torsdag kveld. Ordførar Solveig Vestenfor gjorde det også klart at dersom Hallingtinget motset å ta opp til drøfting og vedtak ei felles uttale, vil Ål kommune alt no varsle at dei ber om at det blir innkalla til ekstraordinært Hallingting så fort som mogleg.

Det er nok at ein kommune set seg i mot å behandle ei sak under open post, og det er relativt stor sjanse for at Hemsedal og kanskje Gol set seg i mot. Ordførar Grøthe har alt varsla Buskerud fylkeskommune om at han ikkje ser det som realistisk at det blir ein felles uttale frå Hallingtinget om KPU Gol - Voss.

Meir i fredagsmagasinet 21.10.








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS