Samisk busetnad i Hallingdalsfjella?

Har det vore samisk busetnad så langt sør som i Hallingdalsfjella mange hundre år sidan?
Lokal
Knut Medhus
Publisert : 19.08.2010 16:41

Hege Gjerde leier utgravinga i Urevassbotn. Foto: Rita Stavn

Har det vore samisk busetnad så langt sør som i Hallingdalsfjella mange hundre år sidan?

Spørsmålet har vore stilt sidan det midt på 80 talet då Hallingdalsprosjektet gjekk for fullt, vart funne oppmot 20 tufter som vart karakterisert som runde i motsetning til dei vi alle er vane med i fjellet og ellers - firkanta. Dei siste åra har det vorte gjort funn blant anna ved AUrsunden og i Valdres som styrkar teorien om tidleg samisk bustnad lenger sør og tidlegare enn før meint.

Hege Gjerde skal om ei tid forsvara doktorgrad nettopp på dei runde tuftene og andre funn og teoriar om samisk busetting i sør, og som ein del av dette er ho no i gang saman med 3 andre og grava ut ei rund tuft i Urevassbotn. I tillegg skal dei grava ut ei liknande tuft i Bjørkedalen. TUfta i URevassbotn er tidlegare tidfesta til om lag år 900. UTgravingane så langt har ikkje ført til konkrete gjenstandsfunn, noko som gjer det vanskeleg å slå fast bruken av det huset som må ha stått her. Eldstaden er funnen med kolreistar og no blir det forsøkt å finne inngangen som igjen kan føre til nye viktige funn med tanke på bedre datering.

Meir om saka i Fredagsmagasinet.

 

 
Ivrige arkeologistudentar i ferd med å avsløre løyndomane til den runde tufta i Urevassbotn. Foto: RIta Stavn
 








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS