Vil du sponse eit hus?

Hallingdal museum går no nye vegar for å sikre drift og vedlikehald av dei mange bygningane dei har ansvaret for - no kan nærngslivet i dalen bli med å ta ansvar!
Kultur
Knut Medhus
Publisert : 03.06.2005 19:47

Her kan du sponse eitt eller fleire hus!
Hallingdal museum går no nye vegar for å sikre drift og vedlikehald av dei mange bygningane dei har ansvaret for - no kan nærngslivet i dalen bli med å ta ansvar!

Næringslivet blir tilbode å kjøpe ei av 3 sponsingspakker med prisar frå 10 til 50 000 kr, og innhaldet i sponsingspakka aukar etter som prisen aukar. Kor stor marknaden for slik sponsing måtter vera i Hallingdal, er heilt umogleg å seia då det ikkje har vore prøvd før, men styrar Alexander Ytteborg vonar at det over litt tid er mogleg å sikre seg såpass mange avtaler at det kan sikre midlar til svært nødvendig vedlikehald. Dei offentlege tilskota minkar eller blir borte, så ein er heilt avhengig av at det er mogleg å hente inn midlar på andre måtar, og Ytteborg vonar næringslivet i dalen tek i mot utfordringa.

Her er den nye nettsida til Hallingdal museum:

http://www.hallingdal-museum.no/innhold/sub1/fellesdel/ommuseet.htm

 








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS