Ber for opent Gol for vogntog.

Norges lastebileigarforbund avdeling Buskerud ber om at Gol kommune ikkje gjennomfører dei varsla tiltaka mot parkering av vogntog i Gol sentrum.
Lokal
Knut Medhus
Publisert : 05.04.2005 14:35

Norges lastebileigarforbund avdeling Buskerud ber om at Gol kommune ikkje gjennomfører dei varsla tiltaka mot parkering av vogntog i Gol sentrum.

Lastebileigarforbundet meiner at nettopp Gol er ein hensiktsmessig stad å stoppe for lastebilar og vogntog på veg mellom Aust - og Vestland. Her får sjåførane kjøpt mat og drikke, vaske seg, her er ferske meldingar om stengde/kolonnekjørde vegar m.m. Forbundet peikar også på at all stoppen av vogntog også fører med seg auka omsetning for dei bedriftene som blir besøkt.

Forbundet går derfor mot den foreslåtte reguleringa av Gol sentrum og ber kommunen vurdere andre og mindre drastiske tiltak og dei vil gjerne vera med å diskutere dei.Viss stenging likevel blir gjennomført, ber forbundet om at det blir opparbeidd ny plass for vogntog/lastebilar som fyller dei krava ein må setja til slike kvileplassar.








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS