Ikkje utvida bjørnejakt.
Fylkesmannen finn ikkje grunn god nok til å utvide skadefellingsløyvet for bjørn i Øvre Buskerud.
Det foreligg ingen påviste ferske skader og det er uvisst kor bjørnen befinn seg hen, skriv Fylkesmannen.og ut frå den aktuelle situasjonen er det lite hensiktemessig å vidareføre skadefellingsløyvet. Men fylkesmannen meiner det er eit skadepotensiale i området og vil følgje situasjonen nøye og viss skader oppstår, vil fylkesmannen reagere raskt og gjera nytt vedtak.
Sankelaga i Hol har no sendt varsel til alle saueeigarar om å vera svært obs på det som måtte finnast av spor etter bjørn og alle observasjonar liten eller stor ber dei om blir meldt inn så fort som råd.