Rovdyrsenteret i departementet.
Torsdag hadde ordførar Tor Egil Buøen møte med statssekretæren i Miljødepartementet om det planlagte rovdyrsenteret i FLå.
Ordføraren seier til RH at han er godt nøgd med møtet sjøl om det ikkje kom noko løfte av noko slag frå statssekretær Heidi Sørensen. Ho fann ideen veldig god, og departementet vil no gå gjennom dei ulike typene natursenter dei er med og støttar og vurdere å innføre ei sertifiseringsordning for dei som skal ta i mot statstilskot til drifta. Denne prosessen vil vera avslutta om eit halvt år. Det er tenkeleg at det blir godkjent eit par - tre rovdyrsenter her i landet og best an ligg FLå og Namskogan.
Ordførar Buøen seier til RH at det no framover blir viktig å koma i posisjon til å påvirke politisk for å sikre midlar frå departementet til rovdyrsenteret som venteleg kan opne påsken 2012.
Meir i fredagsmagasinet.