Fann bjørnedrept sau 10 meter frå bustadhus.
Bjørnen som har besøkt sauebøndene i Kvisla kvir seg ikkje fordi om det er bustadhus i nærleiken når den er på rov.
Bjørnen som har besøkt sauebøndene i Kvisla kvir seg ikkje fordi om det er bustadhus i nærleiken når den er på rov.
OM lag samstundes som det vart funne to drepte sauer på innmarksbeitet til Maurseth i Kvisla vart det funnen ein sau 10 meter frå bustadhuset til Terje Sjåstad som bur litt lenger nede i Kvisla, ganske så nær riksveg 7. Sauen tilhøyrde Ivar Slettemoen og rovviltkontakt Hans Vidar Nestegard er ikkje i tvil - det er bjørnen som har vore der også. Mykje tyder no på at bjørnen heldt seg i dette området meiner lokalkjente folk - bjødnamøk vart blant anna funne nedanfor det gamle bedehuset i august.