Folketal: Stabilt i Hallingdal - Hol og Nes tapar.
Takka vera sterk auke i Ål kommune er samla folketal ved utgangen av kvartal 2 i 2010 stabilt. Det er tilflytting som bergar Ål.
Samla folketal i Halilngdal går attende med 5 personar i forhold til same kvartal i 2009. Men for både Nes og Hol er det ein attendegang med 21 personar. NEs har ikkje noko fødselsoverskot og ei netto utvandring på 21 personar. Hol har ein fødselsunderskot på 12 personar og ei nettoutflytting på 9. Vinnarkommunen no er Ål med ein nettovekst på 31 personar. Fødselsoverskotet er på 3 personar mens innvandringa/tilflyttinga er på 28 personar. Gol har ein tilvekst på 1 person, Hemsedal 3 og Flå 2.
Folketalet ved utgangen av kvartal 2 i 2010 er slik: Flå 992, Nes 3402, Gol 4512, Hemsedal 2120, Ål 4703 og Hol 4397.
Kjelde: SSB











