Hallingskarvet: Mannen funnen i god behold.
Den 31 år gamle mannen som gjekk seg bort på Hallingskarvet onsdag kveld vart funnen i god behold.
Det var om lag kl. 0100 at mannskap frå Røde KOrs fann mannen ved eit lite tjern.
Han meldte sjøl frå om lag kl. 1800 at han hadde gått seg bort, var noko tynnkledd, men hadde regntøy og fjellsko. Han var utan kart, utan mat og utan kompass. Seks mann leitar etter mannen i området. Det er tåke i området og ikkje mogleg å bruke helikopter i leitinga.
Politiet har bede mannen halde seg mest mogleg i ro og har kontakt med han via SMS.
Kl. 2200 melder politiet at leitemannskapa er oppe på Skarvet og har starta søket i sine teigar. Det er 3 lag a 2 mann som er oppe - eit fjerde lag er på veg opp i området med politihuns
|
|
|
|
|
|











