Kontroll over silobrannen.
Måndag ettermiddag ser det ut til åvera kontroll over ulmebrannen ved Hallingdal trepellets sin fabrikk i Kleivi.
Ved hjelp av gravemaskin vart det teke hol på tanken der ulmebrannen har herja sidan tidleg måndag. PÅ den måten kom dei godt til med å få pøsa på store mengder vatn, og pelletsen blir grave ut av siloen og køyrt bort til lager på andre stader innanfor området. Tanken vil bli tømt så raskt det let seg gjera.
Innanfor fagmiljøa er det tildels stor undring over at dette kunne skje og også at ulmebrannen såpass raskt endra seg frå ulmebrann til brann med opne flammar. Det blir venteleg ein større runde innan fagmiljøa for å få analysert hendinga til botnar, om mogleg for å kunne gjera ytterlegare tiltak for å hindre at dette skjer igjen.
Styret har enno ikkje konkludert med omsyn til oppattbygging av siloen, men et er grunn til å tru at det blir sett i gang oppattbygging så fort det er praktiskt mogleg då så å si heile årsproduksjonen er tinga bort.

(Foto:Rita Stavn)











