Slutt for Vats friskule
Styret for Vats friskule har medelt Ål kommune at det ikkje blir skule der frå hausten 08.
Det er 14 elevar i dag etter at innmeldinga er klar, og grensa for å drive økonomisk forsvarleg er dermed overskridi, seier styreleiar Erling Torkelsgard til RH. Dermed er det over for friskulen i Vats - 11 elevar må ha anna skoletilbod, sannsynlegvis Leveld skole, 3 skal over i ungdomsskolen.
Styreleiar Erling Torkelsgard seier til RH at det også blir ei utfordring for Leveld skole å ta i mot 11 nye elevar då skulen alt no har svært dårleg plass til elevane dei har frå før. Det er i gang ein prosess mellom foreldreutvala på Vats og Leveld skole for å gjera overgangen for elevane best mogleg. Kva skulebygningen i Vats skal brukast til blir noko eigaren Ål kommune må ta avgjerd i, men Torkelsgard ser for seg at det kanskje blir delvis brukt som skolelokale i ein eller annan form framover.
Rådmannn Trond Kleppen seier til RH at han har bedt leiaen i sektorutvalet for undervisning ta saka opp til politisk drøfting i fyrstekomande møte for om mogleg å få nokre avklaringar på kva politikarane ser for seg av løysingar framover. Det er også ei utfordring for Ål at Nedre Ål skole er sprengt, og dei er i dag også undervisningsstad for ungane ved asylmottaket på Torpo.