Tipp - tipp oldemor til dronning Sonja frå Nes.

Eit nytt band i gards - og ættesoga til Nes er klar til salg og her kjem det blant anna fram at tipp - tipp oldemor til dronning Sonja er frå Nes!
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 14.11.2007 16:57

Eit nytt band i gards - og ættesoga til Nes er klar til salg og her kjem det blant anna fram at tipp - tipp oldemor til dronning Sonja er frå Nes!

Boka, som er i handel frå onsdag er på godt 600 sider og tek for seg nokre av hovudgardane på Nes og alle dei gardane og tomtene som i ettertid er delt frå desse.  På Søre Havardsgard eller Roen vart i 1769 Margit Steingrimsdotter født og voks opp, og etterslekta flytta etterkvart til nedre deler av Buskerud og til Telemark der giftarmål med Haraldsenfamilien gjer at Margit blir ståande som tipp  tipp oldemor til Dronning Sonja.

Om det ikkje er så mange fleire kongeleg slektsforhold i boka, ¨så er det derimot ei mengd med andre som gjer at mang ein nesning no vil kunne finne mykje meir om slekta si enn han nokon gong har hatt sjans til.  Boka er gjennomillustrert og lett og oversiktleg å finne fram i og bør vera ein sjølsagt del av alle heimane i Nes si boksamling på lik linje med at Holsbøkene er vorte det i Hol kommune.








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS