Kongepokal til Ål.
Historias fyrste Kongepokal i folkemusikk og dans gjekk til Ål og Ulf Arne Johannesen kan
titulere seg som dobbeltmester.
Til enorm jubel frå ein fullsett og entusiastisk Geilohall kunne mesterparet Johannesen og Lie ta i mot Kongepokalen sundag ettermiddag. Den elegante gjennomføring av Hallingspringaren imponerte meir enn publikum og dei to dansarane følte også at den satt der den skulle då dei var ferdige, men tevlinga i klassen var beinhard og alle gjennomførte som mestrar, men paret frå Ål spel og dansarlag tok pokalen og tittelen.
Ulf Arne har også klart det mesterstykket og bli Norgesmester både i laus og springar - det er det kanskje ikkje så mange som har før han???
Du møter mestrane i FRedagsmagasinet fyrstkomande fredag som blir sendt direkte frå Hallingmarken på Nes.
(Under det blå fotoapparatet ligger det en liten bildeserie fra overrekkelsen av Kongepokalen på Mesterkonserten)











