VM junior: Sølv samanlagt til Hege

Sølvplass samanlagt vart i årets junior VM på skøyter til Hege Bøkko og sette nye norske rekordar.
Sport
Knut Medhus
Publisert : 14.03.2010 13:10

Sølvplass samanlagt vart i årets junior VM på skøyter til Hege Bøkko og sette nye norske rekordar.

Hege hadde skaffa seg eit veldig godt utgangspunkt før siste distanse med sin sterke 1000 meter der ho var berre nokre hundredeler etter favoritt Lotte Van Beek. Men den nederlandske jenta var knallsterk på 3000 meter der ho vann med 4.12.25 mens Hege vart nr 5 med 4.16.57.

 Heges poengsum, 161,014, er både ny norsk junior- og seniorrekord. Den forrige seniorrekorden er frå år 2000 og innehavar var Edel Therese Høiseth - no er den Hege sin. Juniorrekorden hadde Ida Njåtun ei lita stund, men så sletta Hege den samtidig som ho også sletta seniorrekorden samanlagt.

Med sølvplass nest siste junior år i VM har Hege gått eit hakk forbi broder Håvard som vart nr 3 nest siste junior år - og så vart han verdsmester det siste.............

 

 

 

Resultater junior-VM








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS