Statssekretær overprøvde rovviltnemnda.

Det er sterke reaksjonar på at statssekretær Heidi Sørensen har overrprøvd rovviltnemnda i region 2 og halvert kvoten for gauper som kan fellast.
Politikk
Knut Medhus
Publisert : 03.02.2012 16:49

Det er sterke reaksjonar på at statssekretær Heidi Sørensen har overrprøvd rovviltnemnda i region 2 og halvert kvoten for gauper som kan fellast.

Ole Johnny Stavn,vararep. til rovviltnemnda seier til RH at det som her har skjedd, er brot på rovviltforliket frå i fjor der det blir lagt stor vekt på at dei regionale nemndene skal ha stor makt i slike saker. Her har MD gått inn og overprøvd og halvert kvoten i forhold til tilrådingane som bygde på tellingar av sporing. MD har teke omsyn til to organisasjonar, VÅre rovdyr og Rovdyras røst som anka vedtaket i nemnda om 32 gauper.

Saka er no i ferd med å koma opp på høgste nivå. Navarsete og Solheim har hatt samtaler om saka og representantar for SP i Stortinget har forlangt at saka skal oppatt i regjeringa.

Stavn er redd for at denne inngripen og det den fører med seg vil kunne øydeleggje gaupejakta som no er i gang.

Les uttalen for Rovviltnemnda her:








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS