Kulu: Nei til utbygging frå rådmannen.
STNR skal ha ekstramøte tysdag for blant anna å drøfte utbygging av Kuluvassdraget på Ål.
Rådmannen legg fram fleire alternativ for politikarane, men rår til at følgjande merknad blir gitt frå Ål kommunestyre:
1. Ål kommune har ikkje mange vassdrag att som er urørt av vassdragsutbygging og ynskjer difor at Kuluvassdraget ikkje vert bygd ut. Grunngjevinga er dei store lokale frilufts og landskapsvernverdiane som er knytt til vassdraget.. FOssen somer tenkt utbygd utgjer eit viktig landemerke for Ål.
2. Subsidiert ber Ål kommune om inntaket vert flytta nedstraums fossen (til om lag 700 m over havet)
3. Ål kommune ber om at det blir stilt større krav til minstevassføring enn dei 50l/sek i sumarhalvåret som søkjar har føreslege. Eit minstekrav må vera krav om minstevassføring heile året viss det likevel vert gitt konsesjon til utbygginga slik det er søkt om. Kravet om minstevassføring treng ikkje skjerpast viss inntakaet vert flytta nedstraums fossen.











