Ingen riving før Riksantikvaren har sagt sitt.
Natur og næringsutvalet på Gol har fått relativt klare meldingar frå Riksantikvaren når det gjeld Furuheim.
Nemndmedlemmene har fått eit notat frå møtet mellom riksantikvaren og representantar for kommunen og fylkeskommunen og her heiter det bl.a.vil fredning bli vurdert.
På bakgrunn av møtet er det kome ei endra innstilling i saka som seier at ingen riving kan foretakast før Riksantikvaren har uttalt seg. Møtet i utvalet er komande tysdag.
RA hadde ei tilsvarande innleiing der dei sa seg samd med BFK sin vurdering om at eigedomen, husa og tunet har høg bevaringsverdi av lokal og regional karakter. Dei presiserte at beliggenheten forsterker behov for bevaring av tunet. RA var oppteken av prosess og at denne skulle skje på ein korrekt måte. RA er oppteken av å ikkje overstyre kommunen politisk under føresetnad at kommunen sjølv finn alternativ som også kan ivareta bevaring av Furuheim. Hvis ikkje
Det vart vist til saksbehandlingsreglar, samarbeidsplikt med berørde offentlege organer og klagerett - (eller mangel på sådan) på ulike vedtak som blir fatta. RA orienterte vidare om konsekvensane og gangen i eit fredningsvedtak. Dei presiserte at vedtak om midlertidig fredning er siste utveg. Det vil fort kunne ta meir enn eit halvt år før eit slikt midlertidig vedtak blir oppheva og eventuelt erstatta av eit varig fredningsvedtak. Det er ikkje klagerett på eit fredningsvedtak for andre enn grunneigar sjølv, men kommunen skal ha sak til høyring før RA kan fatte eit lovleg permanent vedtak. RA vil trekke inn NIKU (Norsk institutt for kulturminneforskning) i sin vurdering om eventuell fredning.











