Tilrår konsesjon til fritidsbustad i bustadområder.
Formannskapet i Hol skal behandle to søknader om konsesjon på eigendomar som ligg i bustadområder - begge blir tilrådd godkjent selt til fritidsformål
Den eine ligg i Bardølavegen og består av hytte og uthus, tilsaman 90 m2. Tomta er regulert til bustad, og ligg i eit område som består av både bustadhus og eldre hytter. Eigendomen er taksert til nesten 4 millionar, derav tomt 2,1 million.
Rådmannen viser til vedteken reguleringsplan for området for Slåttalivegen som inneheldt både hus og gamle hytter der dei gamle hytteeigendomane vart regulert til fritidsformål og legg til grunn at det same ville skjedd viss det hadde vorte omregulering av området ved Bardølavegen og rår då til at konsesjon til fritdsformål blir gitt.
Den andre eigendomen ligg i Hjalmevegen og er heilt parallell til saka ved Bardølavegen og tilrådinga den same - konsesjon som fritidsbustad blir tilrådd.











