Opning for nye hytteareal på Geilo.

Kommuneplanutvalet i Hol har opna opp for fleire utbyggingsareal i Geiloområdet.
Politikk
Knut Medhus
Publisert : 18.12.2006 14:02

Kommuneplanutvalet i Hol har opna opp for fleire utbyggingsareal i Geiloområdet.

Mens rådmannen hadde foreslått at det ikkje er behov for å legge ut nye areal til fritidsformål i den nye planrevisjonen, så ville alle i utvalet at det skulle inn eit nytt ord som opna for ei vurdering av nye areal for fritidsformål. Det var etter forslag frå ordførar at ordet 2større" kom inn slik at det no heiter at det ikkje er behov for å legge ut større areal til fritidsformål. Eit mindretal på 3 - frå Frp - ville ha ut heile punktet.
KPU tok også inn behov for areal til massedeponi som ein del av vurderingane av framtidig næringsareal på Geilo.

Desse vedtaka er å sjå på som politiske signal for vidare arbeid med planforslaget før det kjem til politisk fyrste gongs behandling...








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS