2 bankar på Geilo att.

No har bankkundar i Hol kommune atter 2 bankar å velgja mellom innanfor kommunegrensa slik det var for snart 20 år sidan.
Lokal
Knut Medhus
Publisert : 16.08.2010 22:40

Klare til å ta i mot kundane: Vidare Isungset, Hege Nyhus og Catrine Svidal.
No har bankkundar i Hol kommune atter 2 bankar å velgja mellom innanfor kommunegrensa slik det var for snart 20 år sidan.

Geilo er i følge administrerande banksjef Knut Oskar Flæten i Sparebank 1 Hallingdal ein svært interessant marknad for dei då det er mange kundar her frå før og ikkje minst så er det mange store prosjekt her som i dag brukar bankar utanfor Hallingdal - desse vil gjerne Sparebank 1 Hallingdal vera med å kjempe om. Banken på Geilo er i fyrste omgang etablert i Energihuset, men målet er å koma midt i sentrum når dei finn lokal som høver til det. Til så lenge er dette ein rein rådvigingsbank utan kasse og pengebeholdning. Også dette kan endre seg over tid.

Flæten strekar under at Hol sparebank blir sett på som ein samarbeidspartnar meir enn ein konkurrent.

Meir frå opninga i På heimveg tysdag kl. 1500.








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS