Nei til tamrein.

Viltnemnda i Hol er lite begeistra for planene som Øystre Hol tamreinlag har om oppstart av ny tamreindrift i kommunen.
Lokal
Knut Medhus
Publisert : 06.08.2010 21:34

Viltnemnda i Hol er lite begeistra for planene som Øystre Hol tamreinlag har om oppstart av ny tamreindrift i kommunen.

Øystre Hol tamreinlag har søkt HOl kommune om å få leige beite på dei kommunale eigendomane Ynglesdalen og Haugastøleigendomane. Administrasjonen i kommunen har bedt viltnemnda om uttale som i sin tur har sendt saka til Nordfjella og Fjellheimen villreinnemnd.
Dei skriv i sin uttale blant anna at etablering av ny tamreindrift i desse områda er i strid med vedtekne retningsliner frå Stortinget og i strid med Nordfjella sin status som nasjonalt villreinområde.

I vedtaket sitt seier viltnemnda at utleige av beite ikkje er foreneleg med målsettinga i felles kommunedelplan for villrein i Nordfjella/Hardangervidda villreinområde som vart vedteken i Hol kommunestyre i 1998 og det strir også mot regjeringa sin miljøvernpolitikk om bevaring av naturens mangfald. Hol viltnemnd går på det sterkaste i mot utleige til tamreinbeite i Nordfjella villreinområde og viser til at dette er i strid med Lov om reindrift.








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS