Rovdyrsenter i Flå?
Eit interrimstyre har no kome så langt at dei har konkretisert planane for eit Norsk Rovdyrsenter knytta til Bjørneparken i FLå og dei søker om tilskott til å koma vidare.
Det er frå før liknande planer i Namskogan og eit liknande prosjekt med Skandinavisk profil vart skrinlagt i Trysil. Regionrådsleiaren rår til at det blir gitt eit tilskott på 400 000 kr til vidare arbeid.
1. Regionrådet for Hallingdal løyver tilskot på inntil kr. 400.000 til forprosjekt for
Rovdyrsenter i Vassfaret Bjørnepark, avgrensa til maks. 40% av forprosjektkostnadane.
2. Utbetaling av tilskot skjer etter nærare fastsette retningslinjer.
3. Tilskotet blir finansiert av regionalt næringsfond.
4. Prosjektet bør profilerast som eit regionalt prosjekt med ein klar Hallingdalsprofil