Villfjella - eit fyrtårn i Europa!

Ola Vaagan Slåtten frå Hol har ein visjon om at områda omkring Hardangervidda kan skapa grunnlag for arbeidsplassar, busetnad og turisme med utgangspunkt i fangsttradisjonen i området.
Lokal
Knut Medhus
Publisert : 03.03.2005 08:45

Ola Vaagan Slåtten frå Hol har ein visjon om at områda omkring Hardangervidda kan skapa grunnlag for arbeidsplassar, busetnad og turisme med utgangspunkt i fangsttradisjonen i området.

Visjonen kjem til uttrykk i ein søknad Vaagan Slåtten har sendt til blant andre Hol kommune og Innovasjon Norge om midlar til prosjektet. Det er reinen og levekåra til den som er grunnlag for prosjektet og målet er at det i 2045 skal vera sikra at det framleis er opne korridorar i og mellom fjellområda slik at reinen finn både sommar og vinterbeiter og at det derfor kan finnast ein livskrafig bestand av villreinen også i 2045.
Vaagan Slåtten legg fram mange konkrete forslag til forslag som prosjektet skal arbeide vidare med, bland anna pause i hyttebygginga i fjellet/tregrensa, bedre kompensasjonsordningar ved vern m.m.
Målet er også at dette skal skapa auka turisttrafikk, auka busetnad og kompetanse - fjelløkosystemet skal marknadsførast både nasjonalt og internasjonalt.
Budsjettet for prosjektet er 175 000 kr.








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS